Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Utmarksriket. Telemark i perioden 400-1400

Utmarksriket. Telemark i perioden 400-1400

SKU:

Forfatter:

Bø bok og papir

Antall
Vanlig pris 449,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 449,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Seljord, Hjartdal, Tinn, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje utgjer i dag øvre Telemark, men går me lenger attende i tid, var det dette som var Telemark.
I jernalderen og mellomalderen blei skogar og fjell utnytta til det fulle – det er ikkje utan grunn me omtalar dette som Utmarksriket. Jern av myrmalm, kammar av gevir, bryne, skinn og pelsverk gav grunnlag for rikdom, handelsplassar og seinare mellomalderbyar som Skien og Bergen. Til Telemark strøymde varer som salt, tekstil og edlare metall, medan idear og impulsar som både forma telemarkingane og omverda, gjekk båe vegar.
Ut frå funn frå jorda og historiske kjelder skildrar denne boka ei fjern og framand fortid der telemarkingane framstilte sitt eige jern, der æra var like viktig som livet, og der handel og blodige hestekampar gjekk hand i hand og var den beste forma for underhaldning. Men denne fortida er likevel nær. Reintrekk i fjellet og malm finst framleis i myrene, medan gravhaugar, kolgroper og hustufter ligg att som minne om Utmarksriket.

Vis alle detaljer