Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Tolv dagar i april: ei odelsjente fortel

Tolv dagar i april: ei odelsjente fortel

SKU:9788234017551

Forfatter: Nyborg, Johanne

Det Norske Samlaget

Antall
Vanlig pris 449,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 449,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

2026, Innbundet, Nynorsk

Kvar vår dreg odelsjenta Johanne Nyborg frå Oslo til familiegarden på Vestlandet for å hjelpe mor si i lamminga. I boka Tolv dagar i april tek ho lesaren med inn i fjøsen, der ho gjennom tekst og bilete skildrar den vakre og brutale lammingsperioden.
 
Johanne utforskar òg forholdet til mor si, til garden ho voks opp på, og den indre dragkampen mellom bygd og by. I dag lever ho det livet ho ein gong ønskte seg, men under overflata ligg uvissa om kvar ho skal ende opp. Vil ho bli verande i byen, eller vil ho vidareføre arven på garden?
 
Johanne Nyborg (f. 1994) er fotograf og biletkunstnar. Ho kjem frå bygda Berle i Bremanger kommune, men har budd og arbeidd i Oslo i over eit tiår. Tolv dagar i april er hennar første sakprosabok.

Vis alle detaljer