Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Snowshoe Thompson - Jon frå Tinn

Snowshoe Thompson - Jon frå Tinn

Forfatter: Kleppen, Halvor

Utgivelsesår: 2015

Vest-Telemark Museum

Vanlig pris 250,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 250,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

" I 1876 stod det ein lang nekrolog over Snowshoe Thompson i New York Times. Der blei han hylla som den store skipioneren i USA, og heidra for at han på ski sørgde for å halde kontakten med omverda open for fjellsamfunn i Sierra Nevada som ellers ville ha vore isolerte vinterstid. "

Snowshoe Thompson var fødd Jon Torsteinson Rue og var frå Tinn i Telemark. I 1837 reiste han ti år gamal med mor si Gro Jonsdotter Einungbrekke i det fyrste store utvandringsfølgjet frå Austlandet, saman med over femti andre tinndølar. Fire månader seinare nådde dei Fox River-settlementet i USA. 14 år etter drog Jon til California for å leite etter gull. Det blei lite gull, men i 1857 tok John Albert Thompson, som han nå kalla seg, på seg å frakte posten på ski over dei ville fjella i Sierra Nevada vinterstid. Dei neste 20 åra skapte John seg eit namn som legendarisk postberar på ski. Han er feira med fleire monument og skulpturar, og midt i John sitt rike ligg Thompson Peak, meir enn 2700 meter over havet.

Vis alle detaljer