Eventyr frå Flatdal
Eventyr frå Flatdal
Forfatter: Rue, Høye
Utgivelsesår: 2023
Eventyr og gode historier er ein viktig del av liva våre. I denne boka har me valt ut 11 spanande eventyr som er blitt fortalde i Flatdal.
Flatdal er ei bygd i Seljord kommune i Telemark. Eventyra er blitt fortalde i mange generasjonar, sidan lenge før oldeforeldra våre var små. I desse eventyra kan det umogelege skje, og her finst mange slag skapningar. I berga bur trolla. Hann-trollet blir kalla ryse eller jutul og ho blir kalla gyger. Trolla kan vera store, slemme og litt dumme. Under bakken og inne i haugene bur dei underjordiske. Det kan vera tussar, vetter og huldrefolk. Tussar og vetter er ustyrlege og du veit aldri kva dei kan finne på. Huldrefolk er som oss, men er usynlege, og dei kan ha magiske krefter. I eventyra frå Flatdal møter du alle. Og så er det gjerne guten og jenta som er hovudfigurane. Guten vert kalla Askeladden og Oskefisen, eller kanskje Åsmund.
Det er ein eigen forteljartradisjon i Flatdal. Me har leita fram spanande historier frå 4 ulike kjelder. Oppskriftene er fylgd nøye, men skrive om til eit meir moderne nynorsk slik at det kan passe også for ein som er ti år. Eventyra kan sjølvsagt bli lese høgt for mindre born, men óg for dei som er mykje eldre.