Det hende i Telemark 7
Det hende i Telemark 7
SKU:
Forfatter:
Bø bok og papir
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Dette er den sjuande boka i serien
Det hende i Telemark. Dei fem fyrste
bøkene blei gjevne ut av forlaget
Eldhuset i Bø i perioden 2018–2022.
Desse fem bøkene er basert på kring
190 lokalhistoriske artiklar som Halvor
Ulvenes har skrive i avisa Varden. I 2017
fekk han journalistprisen av Telemark
Journalistlag for desse artiklane.
Den sjette og sjuande boka er i sin heilskap
basert på artiklar frå Telemarksavisa
(TA), der Halvor Ulvenes har vore
frilansjournalist sidan hausten 2022.
Mange av artiklane i denne boka har
stått i Telemark Tidend som kjem ut i
TA om fredagane.
Halvor Ulvenes (f. 1955) skreiv sin fyrste artikkel i Varden for 50 år sidan.
Etter fullførte studiar i 1978 arbeidde han som vernepliktig journalist i
Forsvarsdepartementets presseteneste i ni månader. Han hadde den
fyrste faste stillinga som journalist i Norges Industri, og var deretter
sju år i Økonomisk Rapport. Da Halvor gjekk av med pensjon i 2022,
hadde han vore fast tilsett journalist i Varden i over 34 år.
Share
