Det hende i Telemark 5
Det hende i Telemark 5
Forfatter: Ulvenes, Halvor
Utgivelsesår: 2022
Dette er den femte boka med lokalhistoriske artiklar som starta i Varden i 2015. Halvor Ulvenes har skrive artiklane, og den fyrste boka kom i 2018. I 2017 fekk Halvor Ulvenes journalistprisen av Telemark Journalistlag for denne lokalhistoriske serien.
Nesten kvar veke har folk i Telemark hatt ein rikt illustrert artikkel å gle seg til, og historiene spenner frå drap og udåd til bragder og storhendingar som prega samtida i fylket vårt.
Halvor Ulvenes (f. 1955) skreiv sin fyrste artikkel i Varden i 1974. Han var fast tilsett som journalist i perioden 1987-2022. I åra 2008 og 2009 var han òg redaktør i Telemark Tidend. Halvor Ulvenes gjekk av med pensjon våren 2022. Før han kom til Varden, var Halvor journalist i Norges Industri og sju år i Økonomisk Rapport.