Hopp til produktinformasjon
1 av 1

"Dei kom i lufti" - Ballongen 1870

"Dei kom i lufti" - Ballongen 1870

Forfatter: Kleppen, Halvor

Utgivelsesår: 2020

ELDHUSET AS

Vanlig pris 395,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 395,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Da den franske keisaren Napoleon III kapitulerte for Prøyssen 2. september 1870, nekta folk i Paris å overgje byen. Prøyssarane svarte med full blokkade av Paris frå 15. september til 28. Januar året etter. Ingen kom inn i byen, ingen kom ut av byportane. Men dei kreative parisarane sende frå 23. september opp bemanna ballongar som frakta post og meldingar til den franske leiinga i Tours og verda ellers. Ballong nummer 33 blei tatt av vinden nordover, over Nordsjøen og heldt på å bli tatt av bølgjene ved Mandal. Dei to om bord kom seg ut da ballongen krasja i eit tre i Seljord i Telemark under Lifjell, for så å fare vidare til Krødsherad. Rolier og Bézier blei berga av familien Strand og drog som heltar den strabasiøse vegen tilbake til Frankrike frå Seljord.

Den rikt illustrerte boka er historien om den lengste bemanna luftferda i verda til da, og den fyrste bemanna luftferda over Norge. Her er bakgrunnen for krigen, den dramatiske ferda 25. November 1870 og berginga av franskmennene i Seljord. Denne fyrste luftposthistoriske ferda var òg ei hending med mange etterspel. Her er det samla i ei framstelling.

Vis alle detaljer