Fjon bruk 50 år
Fjon bruk 50 år
Forfatter: Vormedal, Tor Inge
Utgivelsesår: 2024
Fiskerieventyret på Fjon ved Ålfjorden starta våren 1973. Bakgrunnen for etableringa var at oppdrettsfirmaet Sea Farm hadde behov for settefisk til sitt eige matfiskanlegg på Kvalavåg, nordvest på Karmøy. Bygginga av settefiskanlegget på Fjon starta i 1973, og året etter vart den første rogna lagt inn. Anlegget i Sveio var i mange år sjølve navet i oppdrettsfirmaet Sea Farm A/S. Det var frå Fjon at Sea Farm tente dei første millionane og det var herifrå tilsette frå andre settefiskanlegg i Sea Farm
fekk kunnskap og opplæring.
Alsaker Fjordbruk overtok Fjonanlegget i 2006. Etter omfattande investeringar er Fjon Bruk i dag eit av dei største og mest moderne settefiskanlegga i landet.
I tillegg til at boka tek for seg historia til Fjon Bruk ogintervju med tidlegare tilsette, blir lesaren tatt med på ei biologisk vandring. Me følgjer fisken frå han kjem til Fjon som augerogn, til han etter to og eit halvt år endar på slakteriet som ein laks på fem-seks kilo. Boka byr også på ei vandring gjennom anlegget i dag.