Aud Øygardens kunstsalong 1972-2006
Aud Øygardens kunstsalong 1972-2006
Forfatter: Øygarden, Bjarne
Utgivelsesår: 2022
(Baksidetekst, utkast)
Aud Øygarden opna kunstsalong i Seljord i mars 1972 og hadde den siste utstillinga i 2006. Gjennom desse 34 åra var ho saman med mange andre kunst- og kulturberarar med og sette Seljord på kartet som kulturbygd. Aud Øygardens kunstsalong var eit av dei første private galleria som vart etablert utanom byane, og det fekk stor oppmerksamheit.
Eller:
Aud Øygardens kunstsalong opna i Seljord i mars 1972 og hadde den siste utstillinga i 2006. Det var eit av dei første private galleria som vart etablert utanom byane, og det fekk stor oppmerksamheit.
Leasaren får kjennskap til Auds bakgrunn og veg inn i arbeidet som kunstformidlar, korleis ho kom i gang med kunstsalongen, samarbeidet med kunstnarane, publikums oppfatningar av galleriet og kunstsynet som kom til uttrykk i val av kunstnarar.
Boka er skriven til alle som er interesserte i kunst, men kanskje særleg dei som ein eller annan gong besøkte Aud Øygardens kunstsalong.
(Tekst/bilde på flap på framsida)
Aud Jacobsen var født på Vinstra i 1923, flytta til Seljord i 1946 da ho gifta seg med Gullbrand Øygarden. Ho begynte å selje kunst frå eigen heim og i 1972 starta ho det ho sjølv kom til å karakterisere som sitt andre liv - livet med Aud Øygardens kunstsalong.