Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Vandraren

Vandraren

SKU:9788252169249

Forfatter: Mo, Arne

Samlagsantikvariatet

Antall
Vanlig pris 449,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 449,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Vandraren er eit tett og intenst psykologisk drama, ein vestlandsblues om ein ung og stolt fiskar på jag etter fastare grunn under beina. Vandraren er Arne Mos sjette bok så langt. Even Angelskår drog til New Orleans for å finne den ekte, opphavlege bluesen, melankoliens kjelde. Han fann den, brått og brutalt, i eit dunkelt smug ved Bourbon Street. Ei sterk og uhyggeleg oppleving, til slepande blåtonar frå ein saxofon i det fjerne. Hendinga blir med han på flukta vidare, heim til den trygge Sølvfjorden, der han med saxen i hælane etter kvart går seg grundig vill i si eiga indre villmark.

Vis alle detaljer