Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Vinter, vinter, vinter, vår: roman

Vinter, vinter, vinter, vår: roman

SKU:9788249531882

Forfatter: Grytten, Frode

Forlaget Oktober AS

Antall
Vanlig pris 429,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 429,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Årets første snø fell over Buardalen då Olga ser mannen sin, Martin, gå frå huset, gå over tunet, i retning hovudvegen. Så forsvinn han og hunden i alt det kvite. Olga har sett mannen sin for siste gong.

Denne desemberkvelden skal kommunestyret ha julebord på Buarheim, restauranten som Olga og Martin driv i lag, under bergfall, like ved isbreen. Martin har nekta å servere politikarar som i lang tid har pressa på for å bygge hotell og gondol her.

Ordføraren og investorane vil gjerne gjøre Odda Great Again. Olga er pragmatisk og på gli. Martin er kompromisslaus og vil ikkje gi seg. Han kjem ikkje heim igjen etter den kveldsturen. Bare bikkja dukkar opp neste morgon, redd og skrøpelig. Kva har skjedd? Kvar er han blitt av? Olga Buer rasar og gret før ho reiser seg og tar opp kampen for sin vesle stad i verda.

Vinter, vinter, vinter, vår er ein sørgesong over livet, over kjærleiken og alt som forsvinn eller går tapt. Ein moderne vestlandsk western.

Vis alle detaljer