Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Konglefall

Konglefall

SKU:9788249530489

Forfatter: Ingebrigtsen, Eirik

Forlaget Oktober AS

Vanlig pris 429,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 429,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.
Det er vinter og krig, og nede i bygda ligg frosne åkrar og utrulla piggtråd. På garden til Eilert står den mektige Sølvgrana, treet som er så majestetisk og vakkert at folk, i alle fall før krigen, kom langvegsfrå for å sjå det.

Sølvgrana skal spela ei avgjerande rolle i sabotasjeaksjonen ved Berarbrua i Sjuskog i desember 1942, som bonden Eilert, presten Milton og trevarefabrikanten Anton planlegg saman. I sin utstuderte og gåtefulle motstandskamp set dei også si lit til schæferhunden Raum og den fjortenårige, brunsvarte dølahesten Akar. Dei tre dyrkar normalitet i arbeidet på garden, trevarefabrikken og i kyrkja, samtidig er det samarbeidet deira som får fram skaparkraft og ei sterk økologisk tru.

Med Konglefall. Ein sabotasje har Eirik Ingebrigtsen skapt ein roman som på sitt særeigne vis foreinar realisme og magi. Konglefall. Ein sabotasje kan lesast som ein allegori over ein krig som har vore på norsk jord, men også som ein dystopi og eit varsel om ei trugande framtid.
Vis alle detaljer