Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Om det å lafte

Om det å lafte

Forfatter: Godal, Jon Bojer

Utgivelsesår: 2022

Fagbokforlaget Akademisk

Vanlig pris 639,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 639,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Dette er band 4 i serien om det å lafte - og det siste. Bøkene byggjer i høg grad på aktivitet. Vi har bygd lause hjørne, og vi har bygd HUSET som no står på Hjerleid handverksskole og er i tre delar: loft, stuggu og bakstuggu.
Ein del av bygginga har vore det vi kan kalle studiebygging, og ein del har vore kurs. Den endelege oppstillinga vart arrangert som kurs, men der samstundes heile prosessen var fotografert og filma (video). Det ligg såleis føre eit stort materiale som kan nyttast i ymse samanhengar. Videosnuttar til bruk i opplæring kan bli eit neste steg.
Denne boka har ni kapittel. Kapittel 1 dreiar seg om oppstillinga av HUSET på Hjerleid handverksskole på Dovre. Kapittel 2 handlar om det ikkje-synlege verktyet som tømraren nyttar seg av i arbeidet med å skapa eit hus. Kapittel 3 er framlegg til opplæringslaup for tradisjonshandverkarar i tre og med døme laft som spesialitet i den siste enden av opplæringa.
Kapittel 4 handlar om buret. Det er eitt av husa i tunet og eitt av husa i HUSET Bur har i dag mist funksjonen sin. Difor er det ein forklarande gjennomgang. Dei gamle buplassane er knytte til visse slags landskapsformer, og dette går att i nemninga på gardar. Kapittel 5 dreiar seg om legging av hus og tun i lendet og ord knytte til landskapsformer.
Vi har ein bygningsarv å taka vare på. Difor har vi bygningsvern. Kapittel 6 gjer freistnad på ein prinsipiell gjennomgang. Bygningsvernet treng material. Difor er det eit kapittel 7 om skog for vern. Vi har kalla det arveskog. Vi er oppe i ei klimakrise. Skogen vil kunne vera ein stor medhjelpar i å løyse denne. Difor er det eit kapittel 8 om tre for framtida.
Trass i at det å lafte høyrer til dei eldste kjende byggjemåtane, er det framleis mogleg å lage heilt nye variantar. Kapittel 9 dreiar seg om eit nytt slags laft, Roten-laftet. Om dette er den siste boka i denne serien, er det ikkje slutt på å lafte. Det er ikkje slutt på å tenkje framtid for tre.

Vis alle detaljer