1
/
av
1
Arbeidsinkludering av utsett ungdom
Arbeidsinkludering av utsett ungdom
SKU:9788245033144
Forfatter: Frøyland, Kjetil
Fagbokforlaget Akademisk
Antall
Vanlig pris
409,00 NOK
Vanlig pris
Salgspris
409,00 NOK
Inkludert avgifter.
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Marginalisering av utsett ungdom er ei vesentleg utfordring. Unge er generelt utsette på arbeidsmarknaden. Vanskane med å få seg arbeid er endå større for dei unge som har problem med helse, rus, kriminalitet eller anna.
Denne boka viser korleis Nav-rettleiarar, sosialarbeidarar og andre som hjelper utsett ungdom, kan arbeide for å inkludere ungdommane i arbeid. Forfattaren diskuterer inkludering i lys av Supported Employment (SE) og kapabilitetstilnærminga. SE har vist seg å vere særs godt eigna for arbeidsinkludering av utsette grupper, og kapabilitetstilnærminga handlar om å auke sjansen til å nå måla sine åleine eller i samspel med andre ved å omdanne ressursar til reelle moglegheiter og levd liv.
Boka rettar seg til studentar i sosialt arbeid, tilsette i Nav, skule og tiltaksapparat som hjelper utsett ungdom i alderen 15–25 år med å finne arbeid.
Kjetil Frøyland er utdanna sosionom og idéhistorikar og er forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet, OsloMet – storbyuniversitetet. Han arbeider med arbeidsmiljø og arbeidsinkludering av utsette grupper, arbeidsretta bistand (Nav) og rusmiddelførebygging i arbeidslivet.
Share
