Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Olga Bjoners plass

Olga Bjoners plass

SKU:9788234015700

Forfatter: Norheim, Jørgen

Det Norske Samlaget

Vanlig pris 449,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 449,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Kva hadde skjedd om tyskarane hadde vunne andre verdskrigen?Året er 1967, og Quisling og NS styrer i Noreg. Førarens høgre hand, parti- og statsminister Stein-Ulf Bru, har nok å hengje fingrane i. Den noko demente Vidkun Quisling fyller 80 år, og Tysklands nye førar Albert Speer er ventande til Noreg for å opne Polarbanen Nidaros–Kirkenes, som endeleg er ferdig. Minister Bru får ansvaret for planlegginga og gjennomføringa av Speers besøk, og tryggleiken står i sentrum. Då passar det dårleg at ei gruppe aksjonistar i ly av nattemørkret skiftar ut gateskilt med namn på fortente NS-folk med namn på motstandsfolk frå krigen. I denne kontrafaktiske romanen teiknar Jørgen Norheim eit truverdig bilete av korleis livet her heime kunne ha arta seg dersom utfallet av andre verdskrigen hadde vorte eit anna og NS hadde fått styre i Noreg – ein skremmande visjon.  TERNINGKAST 6! «Historisk god!»Joakim Tjøstheim, Dagbladet «Norheims porsjonering av egen kunnskap samt sjonglering av fakta og kontrafakta og av sannhet og løgn, hans blanding av påfunn, oppspinn, bedrag og fortelling, er formidabel, ja rent makeløs.»Joakim Tjøstheim, Dagbladet

Vis alle detaljer