Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Londonjenta

Londonjenta

Forfatter: Alakoski, Susanna

Utgivelsesår: 2024

Det Norske Samlaget

Vanlig pris 429,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 429,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Andre bok i den kraftfulle Bomullskvartetten om arbeid, liv og lengt.

Vi er i 1950-åra. Greta har forlate mamma Hilda og bomullsfabrikken i Vasa for eit betre liv. Ho arbeider som barnejente og pleieassistent i Stockholm til draumane tar henne til London.

Ho får jobb hos den intellektuelle familien Conley, er saman med andre barnejenter frå Sveits, lærer seg engelsk og treffer Elizabeth Taylor. Bomullsfabrikken og tekstilindustrien kjennest langt unna.

Heime i Vasa er Hilda framleis ein bomullsengel i ein industri stadig meir pressa av automatisering og konkurranse frå Sverige og fjerne land. Gretas bror Jonni jobbar på Algots i Borås og forelskar seg på fagforeiningsseminar. Lite anar Greta om kva framtida vil bringe, og kva konsekvensar det kan få å forlate heimbyen sin.

Londonjenta er andre bok i den kraftfulle Bomullskvartetten om liv, arbeid og lengt for kvinnene i Finland og Sverige på 1900-talet. Dette er ei forteljing om arbeid, kjærleik og vennskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.

Frå svensk ved Runa Kvalsund.

Vis alle detaljer