Hopp til produktinformasjon
1 av 1

I dei dagar

I dei dagar

SKU:9788230030059

Forfatter: Greidung, Bjarne

Kolofon Forlag AS

Antall
Vanlig pris 399,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 399,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.
Erdalen sett frå setrevegen. Greidung er garden nærast, i det gule huset vaks forfattaren opp. Bjarne Greidung (f. 1935) har skrive om livet i bygda Oppstryn slik det var i dei dagar han vaks opp og før. Her er alvor og humor i lett blanding.

Sitat frå kapitlet om skulen:
Samlivslære var vi vel verna for på skulen. Det næraste vi kom det, var vel ein time i naturfag. Der hadde vi om våre ville dyr, og var her komne til haren. Sitat frå læreboka: «Haren har mange fiendar, og hadde det ikkje vore av det at han økslar seg så fort, så er det fare for at han hadde vorte utrydda. Men haren har særs lange bakbein, og det gjer at han kan springe lett i frå, til dømes ein rev.» Sitat slutt.
Då var det at læraren kom med det uanstendige spørsmålet: «Er det nokon som veit kva å øksla seg er for noko?» Ein på bakarste pult visste det og var snar opp med handa: «Dæ æ å ha långe bakføte!»
Vis alle detaljer