Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Ordriket

Ordriket

Forfatter: Bjerke, Christian

Vigmostad & Bjørke AS

Vanlig pris 579,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 579,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Ordriket 1 7 Ordriket er eit norskverk for barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, samstundes som det fremjar leselyst og leseglede. Elevbok 5B Elevbøkene på 5. trinn er strukturerte etter sjanger. Kvart kapittel tek for seg sin sjanger, som blir modellert grundig og arbeidd med på ulike måtar i Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket. Leseriket inneheld eit utval tekstar i ulik vanskegrad i den aktuelle sjangeren. I kvart kapittel blir ein lesestrategi introdusert. Oppgåvene er delte inn i kategoriane forstå, hugse og tenkje, alt etter kva nivå i leseforståinga elevane øver. Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheitene i den aktuelle sjangeren. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som lettar arbeidet med skrivinga. Ordriket på 5. trinn: - Elevbok 5A og 5B - Lærarrettleiing 5 - Tavleressurs og nettressurs på ordriket.no

Vis alle detaljer