Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Minerydding

Minerydding

Forfatter: Olden, Kjell

Gyldendal Norsk Forlag AS

Vanlig pris 379,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 379,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Ein ung, idealistisk student vervar seg til FNs fredsstyrkar i Libanon. Han vil utgjera ein forskjell. Men det betyr òg at han må reise frå ho der heime, kjærasten Sara. Minerydding følger livet hans som soldat under oppdrag og på reiser i Midtausten, men òg tilbake i Noreg fleire år seinare, der han slit med seinskadane av krigserfaringane. Langt frå framande kulturar og krigshendingar har han saman med hunden sin søkt tilflukt på familie hytta, som han jobbar med å oppgradere, eit prosjekt han i sin tid lovde henne å fullføre.

Minerydding er ein roman om krig og kjærleik som viser at ønsket om å gjera verda betre, kan gjera livet til eit mareritt for menneska som prøver, og dei som ventar på dei.

Vis alle detaljer