Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Is-slottet

Is-slottet

SKU:9788205512986

Forfatter: Vesaas, Tarjei

Gyldendal Norsk Forlag AS

Vanlig pris 229,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 229,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter.

Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn. Jentene opplever først at der blir knytte band mellom dei på eit vis dei ikkje kan forklare. Dei er to av ei og ei i to. Dette er ein roman om vaknande kjensler, om å vere åleine og framand i verda, om å vere barn og stå på terskelen til eit vakse medvit, og om det mørke grenselandet i sinnet der mange slags krefter, draumar og drifter strir om makta. For Is-slottet fekk Tarjei Vesaas – som første norske forfattar – Nordisk Råds litteraturpris i 1963. Boka vart filmatisert i 1987 av regissør Per Blom og er omsett til ei rekkje språk. I 2005 samarbeidde Teatret Vårt og Det Norske Teatret om ei dramatisering av romanen.

Vis alle detaljer