{"product_id":"vitskapsteori-for-laerarstudentar-9788234008368","title":"Vitskapsteori for lærarstudentar","description":"\u003cp\u003ePå kva grunnlag skaffar vi oss påliteleg kunnskap om verda? Kva er eigentleg vitskap? Dette er grunnleggande spørsmål som ligg til grunn for eit kvart master- og forskingsprosjekt. For å svare på dette treng vi nokre knaggar til å orientere oss i ulike måtar å tenke og forske på. Formålet med denne boka er nettopp å gjere bruk av vitskapsteori forståeleg og nyttig for masteroppgåva.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBoka er bygd opp i fire delar. Den første delen er ein introduksjon til sentrale omgrep, tankemåtar og vitskapsteoretiske retningar. I resten av boka presenterer vi korte døme i vitskapsteoretisk bruk skrive av ei rekke forfattarar frå språkfag, samfunnsfaga og estetiske fag. Del to handlar om akademisk skriving og ulike måtar å forske på. I del tre ser vi på tekstanalyse, med konkrete døme på koplinga mellom vitskapsteori og tekstanalyse. Den siste delen tek føre seg nye retningar i utdanningsfeltet, slik som posthumanisme, digitale verdsrom og kampen om kunnskap.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eErlend Eidsvik er geograf og professor ved Høgskulen på Vestlandet og UiT Norges arktiske universitet og underviser og rettleiar i samfunnsfaglege emne særleg innan berekraft, klimadanning, geografi, utdanningspolitikk og postkolonial teori.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eEdit Bugge er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, og spesialiserer seg innan språkvariasjon, språkendring og språktileigning. Ho er særleg interessert i dei sosiale og samfunnsstrukturelle vilkåra for språkbruk og språkendring.\u003c\/p\u003e","brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":51050431709479,"sku":"9788234008368","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_c6ec44cc-ca2a-4b1d-9e4c-9b9291733130.jpg?v=1771522672","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/vitskapsteori-for-laerarstudentar-9788234008368","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}