{"product_id":"usas-politiske-historie-james-godbolt-9788234012846","title":"USAs politiske historie","description":"Boka gir eit oversyn over USAs politiske historie frå sjølvstendeerklæringa i 1776 og fram til presidentperioden til Joe Biden. Sentrale tema i framstillinga fram til 1900 er utviklinga av folkestyre og politiske institusjonar, borgarkrigen, vestleg ekspansjon og politiske utfordringar skapt av industrialisering og innvandring. På 1900-talet handlar det om framveksten av ei sterk føderal makt, spesielt presidentmakta, USAs leiande rolle i internasjonal politikk og demokratiutviklinga. Ei sentral problemstilling er korleis USA vart den mektigaste stormakta på 1900-talet, og kva for følger det har hatt for amerikansk politikk. Boka avsluttar med eit innblikk i amerikansk politikk etter den kalde krigen, som i aukande grad har vore prega av indre politisk polarisering og utanrikspolitisk motbør.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eUTSYN\u0026gt;INNSIKT er Samlagets serie med korte innføringsbøker i historiske emne. Bøkene tar for seg eit vidt spekter av forskingsfelt, frå sentrale tema i Noregs- og verdshistoria til kulturhistoriske og fagteoretiske problemstillingar.\u003cbr\u003e","brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":49946755137831,"sku":"9788234012846","price":319.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_4061e2a7-19f2-456f-b29d-423302bc6ffd.jpg?v=1745324061","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/usas-politiske-historie-james-godbolt-9788234012846","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}