{"product_id":"sprakplanlegging-og-sprakstrid-ernst-hakon-jahr-9788283901870","title":"Språkplanlegging og språkstrid","description":"Det har lenge vore stor internasjonal interesse for norsk språkplanlegging og språkstrid etter 1814. Heilt frå Harvard-professoren Einar Haugen studerte språkstriden i Noreg, og utvikla forskingsfeltet språkplanlegging på 1960-talet, har nyare norsk språkpolitikk og språkutvikling hatt ein sentral posisjon i den internasjonale teoridiskusjonen innan språkplanlegging.\u003cbr\u003eDenne boka analyserer og drar linjer gjennom heile 200-årsperioden frå unionoppløysinga i 1814 til i dag. Det er eit godt høve til å gjera ein slik analyse no. Med reformene i 2005 for bokmål og i 2012 for nynorsk er vi nemleg tilbake til ein situasjon der dei to målformene blir normerte kvar for seg og utan omsyn til kvarandre – slik det var for landsmål (nynorsk) i 1901 og for riksmål (bokmål) i 1907, før samnorskpolitikken. I tida imellom reformene tidleg på 1900-talet og no – og før, på 1800-talet – ligg periodar med politisk unike språksosiale eksperiment, som det ikkje finst kjende parallellar til nokon stad i verda. Det er ikkje noko å undrast over at verda rundt oss er interessert i denne politikken, når ein ser resultatet i dag: To norske skriftmålsformer som kvar for seg har vide rammer for ulike ord og ordformer, og eit land med meir dialektbruk enn i noko anna europeisk land. Denne boka fortel korleis og kvifor Noreg er blitt eit slikt språkleg annleisland.\u003cbr\u003e","brand":"Novus AS","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":51037648290087,"sku":"9788283901870","price":319.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_90c75cfe-c466-42fc-8be2-45ae0ac07f3d.jpg?v=1771524961","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/sprakplanlegging-og-sprakstrid-ernst-hakon-jahr-9788283901870","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}