{"product_id":"spraket-som-vart-norsk","title":"Språket som vart norsk","description":"\u003cp\u003eEi kortfatta, engasjert innføring i språkhistoria frå urnordisk til 1800-talet.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDenne boka fortel historia om språket me kallar norsk. Ho byrjar på eit tidspunkt då det slett ikkje er opplagt at det var same språket som me snakkar i dag, og fylgjer det fram til 1800-talet og dei tradisjonelle dialektane. Forfattaren gjev ei innføring i språkhistorie som fagdisiplin, korleis me kan finna ut noko om eldre språk, og korleis språkhistoria kan forklara trekk ved moderne norsk.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eFramstillinga fylgjer hovudlinene i utviklinga av både skrift og tale, med ekstra vekt på gamalnorsk og språket i den norrøne litteraturen, og mellomnorsk, då mange av endringane til dei norske dialektane skjedde.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBoka er studentvenleg med gode forklaringar av sentrale omgrep, refleksjonsspørsmål og ei rekkje tekstdøme. Dimed høver ho godt som pensum på emne i norsk ved universitet og høgskular.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eIvar Berg er professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for språk og litteratur, NTNU. Han forskar på korleis norsk språk har utvikla seg gjennom historia og underviser i bl.a. språkhistorie, grammatikk og dialektar. Berg har gjeve ut ei rekkje vitskaplege artiklar om ulike sider ved norsk språkhistorie.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e«[S]jøl om en som anmelder kan ha noen kommentarer, må det likevel sies at dette i det stor og heile virker som ei vellykka framstilling. Dersom en kan nøye seg med ei framstilling av norsk språkhistorie som bare går fram til 1800-tallet, og en vil ha ei elementær innføring i gammalnorsk inkludert i språkhistoria, kan boka til Berg være et godt alternativ.» Endre Mørck i Maal og Minne nr. 1, 2020.\u003c\/p\u003e","brand":"Bø bok og papir","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":49797209358631,"sku":"","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/9788215033723.jpg?v=1740743831","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/spraket-som-vart-norsk","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}