{"product_id":"solplomme-anna-kleiva-9788249528769","title":"Solplomme","description":"\u003cp\u003eI Solplomme kjem midtsommarmytane og jonsokritane til live gjennom ein serie dikt med eit rituelt, messande preg. Den lysaste natta i året er ein overgang lada med uvisse. Dikta renn utover sida og får midtsommarnatta til å opne seg, blomane til å spire, bålet til å brenne og menneska til å tvile. Fotodronane summar over tindane og plastsøpla. Kva framtid skimtar vi? Kva val tek vi når alt ligg ope?\u003cbr\u003e\n\"Solplomme\" er ein heilt eigen flora.\u003c\/p\u003e\n\n\u003cp\u003eI 2023 laga Anna Kleiva og Vilde Tuv bestillingsverket \"Solplomme\" til Dei nynorske festspela i Ørsta. Tuv komponerte musikken og Kleiva skreiv dikta til verket.\u003c\/p\u003e \n\n\u003cp\u003eMed utgivinga av \"Solplomme\" følgjer også ein CD. Synth, fløyter og vokal møter her fjellras og regnbyger i ein intens elektronisk musikk.\u003c\/p\u003e","brand":"Forlaget Oktober AS","offers":[{"title":"Default","offer_id":49698190426407,"sku":"9788249528769","price":349.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_9582cf85-a397-4c37-a949-ee481314644d.jpg?v=1757081579","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/solplomme-anna-kleiva-9788249528769","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}