{"product_id":"sma-skolar-og-kortreiste-elevar-karl-jan-solstad-9788275182966","title":"Små skolar og kortreiste elevar","description":"\u003cp\u003eStadig nye skolar trugast av nedlegging i møte med ein svak kommuneøkonomi\u003cbr\u003eog ulike meiningar om kva som gjev kvalitet i opplæringa. Denne boka gjev ei\u003cbr\u003eframstilling av endringar i skolestrukturen i Noreg med vekt på skoletilbodet i distrikta.\u003cbr\u003eBoka får fram korleis læreplanar og styring av skolen påverkar skolestruktur,\u003cbr\u003eog ho presenterer forsking på saker som kjem opp når det er snakk om nedlegging av\u003cbr\u003eskolar. Dette gjeld økonomi, elevane si faglege og sosiale læring, helse og skoleskyss,\u003cbr\u003eskoledrift under trussel om nedlegging og skolen si rolle for bygd og busetting. Ved\u003cbr\u003eå trekkje på konkrete utgreiingar av skolestruktur i nokre kommunar, får lesaren eit\u003cbr\u003eautentisk innblikk i dilemma og krevjande avvegingar i lokalsamfunnet. Boka får vidare\u003cbr\u003efram korleis dagens læreplan (LK20) opnar for å kunne utnytte dei små skolane\u003cbr\u003esine fortrinn, samtidig som ho synleggjer strukturar som kan føre til at dette potensialet\u003cbr\u003eikkje blir utnytta.\u003cbr\u003eSamla gjev boka eit heilskapleg perspektiv på små skolar i pressa kommunar.\u003cbr\u003eTematikken er i dag aktuell i store delar av landet når stadig større skolar i større\u003cbr\u003ekommunar og i fylkeskommunar opplev trusselen om nedlegging. Reiseveg\u003cbr\u003eog\u003cbr\u003eskolens plass i lokalsamfunnet gjeld alle.\u003cbr\u003eBoka rettar seg mot alle med interesse for barns skole- og oppvekstvilkår, så som\u003cbr\u003elærarar, studentar, politikarar og foreldre.\u003cbr\u003eMarit Solstad er førstelektor ved Fakultet for lærarutdanning ved\u003c\/p\u003e","brand":"Oplandske Bokforlag AS","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":51037647896871,"sku":"9788275182966","price":350.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_0681ba0f-bb3d-4123-a2ad-78697aea5b42.jpg?v=1771524929","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/sma-skolar-og-kortreiste-elevar-karl-jan-solstad-9788275182966","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}