{"product_id":"skal-landet-gro-att-siri-helle-9788282651318","title":"Skal landet gro att?","description":"\u003cp\u003eKvifor skal vi ha jordbruk i Noreg? I eit land av stein og fjell, kor regnet slåst med nordavinden, vi har blitt vane med fem veker ferie og ei lønsutbetaling som kjøper oss fri frå den strevsame vegen mellom jord og bord? Kvifor skal vi fø på bønder som produserer den dyraste maten i verda, når verda står i kø for å selje produkta sine til landet med alle oljepengane? \u003cbr\u003e\n \u003cbr\u003e\nFordi alle må bidra med mat til ei veksande verd. Og fordi norsk jordbruk har potensial til å bli ikkje berre bra, men best - men då må det ei reell kursendring til. \u003cbr\u003e\n \u003cbr\u003e\nAlle vil ha norsk mat produsert på norske ressursar. Likevel vert matproduksjonen vår meir og meir basert på import. 70 år med vekst- og volumpolitikk har gitt oss eit svakt jordbruk med liten forankring i norsk jord. \u003cbr\u003e\n \u003cbr\u003e\nNorsk jordbrukspolitikk går i feil retning, men det er framleis mogleg å snu. Denne boka syner korleis det vi har i Noreg - fjell, gras og store variasjonar - gjev oss eit jordbruk som er både berekraftig, mettande, smakfullt og lønsamt. \u003cbr\u003e\n \u003cbr\u003e\nKorleis vi driv jordbruk i Noreg er ikkje berre eit spørsmål for bønder og byråkratar. Det er eit spørsmål for alle som bryr seg om kva mat vi et, korleis landet vårt skal sjå ut og kva rolle Noreg spelar i verda.\u003c\/p\u003e","brand":"Forente forlag AS","offers":[{"title":"Default","offer_id":49721135661351,"sku":"9788282651318","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_d149e390-2e46-4070-8abf-a37c41a84c33.jpg?v=1757097014","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/skal-landet-gro-att-siri-helle-9788282651318","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}