{"product_id":"plate-trilogien-asta-holth-9788205559691","title":"Plate-trilogien","description":"\u003cp\u003e«Frå klokkargarden kunne ein sjå langt utover Grue og følgje Glåma breid og blank eit godt stykke gjennom dalen. Lendet på austsida var pannekakeflatt, Glåma hadde vaska over det i årtusner, stått som Nilen i Egypt over det mange vårar. Grøvi ut jord og sand ein stad, og lagt det frå seg att ein annan. Lenger aust tok lendet til å skråne oppover, vart skogvekst og steinet. Bergesida vart denne delen av bygda kalla. Her låg store gardar i rad og rekke. Gruset, Bårdrud, Tordrud, Mosegrein, Berger. Gardar som bar soga si i namnet. Ved Berger kom Finnvegen ned, frå skogen heilt ved svenskegrensa. Finnvegen vart den kalla frå den tid finnane kom til grenseskogane, men vegen var eldre enn som så, mange meiner heilt frå steinalderen.»\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eMed denne innleiinga til romanen Johannes teiknar Åsta Holth landskapet og folket som ho reiste eit varig, historisk monument over i diktinga si. Mest kjend er ho for Finnskog-trilogien, men trilogien om morsslekta Plate som kom frå Tyskland på 1600-tallet, ruver og i forfattarskapen.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eI lange, historiske sveip følger vi skjebnane til gullsmedsveinen Berent Platt i Kristiania (Gullsmeden, 1958), sonen Johannes Plate som blir kapellan og sokneprest i Enebakk (Presten, 1971) og til slutt Johannes, som opplever ei omvendt klassereise og ender som husmann på Finnskogen (Johannes, 1975).\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBoka har etterord av Terje Tønnessen.\u003c\/p\u003e","brand":"Gyldendal Norsk Forlag AS","offers":[{"title":"Default","offer_id":49719982686503,"sku":"9788205559691","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_dfdc2edc-a37a-4f0a-98d6-9331215c1d69.jpg?v=1757075545","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/plate-trilogien-asta-holth-9788205559691","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}