{"product_id":"newmans-usynlege-verd-arnfinn-haram-9788292922620","title":"Newmans usynlege verd","description":"\u003cp\u003eI «Newmans usynlege verd» legg Arnfinn Haram fram, med attenhundretals-teologen John Henry Newman som kjelde, eit autentisk kristent verdsbilete i dialog og konfrontasjon med dominerande tankegangar i samtida, no som då. Og kva er det vesentlege når vi snakkar om «den usynlege verda»? Er uttrykket «den usynlege verda» i Newmans teologi meint å skildre noko som (berre) kjem i tillegg til den synlege røyndomen? Eller blandar «den usynlege verda» seg med eller inn i den synlege? Er den usynlege berre usynleg? Er den synlege berre synleg? Sjølv om samtida endrar seg raskt - då Newman levde, ein gryande industriell revolusjon, stadig akselererande - endrar ikkje det på tilhøvet mellom den usynlege og synlege verda. Haram kallar vår tid «ein modernitet i krise», noko som gjer det naudsynt å vinna ny von til heile røyndomen. Paul Otto brunstad og Ståle Johannes Kristiansen har gitt boka ei fyldig innleiing: «Haram lyfter fram ei forkyn- ning som er nesten gløymd i vår tid: at også englane er meir verkelege ved at dei er usynlege - dei ser oss, betraktar oss og vernar oss. Haram har faktisk dedisert avhandlinga til sin eigen verneengel! Både for Newman og Haram er engleteo- logien meir enn teoriar. Her kjem vi tett på eit anna samband som stikk djupt i Harams personlege lesing av Newman: relasjonen mellom englar, det usynlege og venskap.»\u003c\/p\u003e","brand":"Efrem forlag AS","offers":[{"title":"Default","offer_id":49720724980007,"sku":"9788292922620","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_eb404e68-456b-4c78-8b6b-ec51af2e413b.jpg?v=1757088529","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/newmans-usynlege-verd-arnfinn-haram-9788292922620","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}