{"product_id":"nalehuset-kristin-tveiten-9788234012389","title":"Nålehuset","description":"\u003cp\u003eSummen av hendingar som formar eit menneske.\u003c\/p\u003e\n\n\u003cp\u003eTo menn godt oppi 80-åra. Den eine prøver å drepe den andre. Korleis har dei hamna der?\u003c\/p\u003e \n\n\u003cp\u003eOsvald veks opp under enkle kår i lag med den strenge, gudfryktige mor si. Det er som om ho straffar sonen for noko, men trass i at ho er full av forakt, held ho han i eit fast grep.\u003c\/p\u003e\n\n\u003cp\u003ePå andre sida av fjorden ligg Storgarden, og der bur jamaldringen Frank. Han har alt Osvald ikkje har, men likevel klarer han ikkje å la Osvald vere i fred.\u003c\/p\u003e \n\n\u003cp\u003eOsvald held seg helst i nærleiken av naboen, Salve smed, eller aleine i skogen. Kvar sundag løftar han på konkylien som ligg på ein av gravsteinane på kyrkjegarden, for å lytte til havet, som ein gong tok far hans.\u003c\/p\u003e \n\n\u003cp\u003eNålehuset er ein roman om røter og opphav, om lojalitet og draumar som brest.\u003c\/p\u003e","brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Default","offer_id":49689869943079,"sku":"9788234012389","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_14cda6e4-591c-4d78-86f6-deb6729c7886.jpg?v=1757073121","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/nalehuset-kristin-tveiten-9788234012389","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}