{"product_id":"mitt-internett-anne-gunn-halvorsen-9788234015175","title":"Mitt internett","description":"\u003cstrong\u003eKorleis vart internett ein del av oss?\u003c\/strong\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDette spørsmålet utforskar Anne Gunn Halvorsen i denne boka som tar utgangspunkt i hennar eigen oppvekst i ei bygd i nittiåra. \u003cbr\u003e\u003cbr\u003eGjennom dagboknotat og intervju med gamle venner og kjærastar, fagfolk og programmerarar fortel ho historia om då internett kom til Noreg: ein unik epoke i norsk mediehistorie då samfunnshierarkiet vart snudd opp ned og barn og unge vart superbrukarar. \u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDet handlar om teknologien, politikken og driftene som gjorde internett til allemannseige. \u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDette er også ei bok om den første generasjonen som levde ungdomstida si digitalt. Dei som brukte kvar ledige stund til å snakke med framande på nettet utan at foreldra ante kva dei dreiv med. \u003cbr\u003e\u003cbr\u003eKva gjorde det med dei? \u003cbr\u003eOg kvifor nektar dei no eigne barn å oppleve det same? \u003cbr\u003e\u003cbr\u003eNo er det 30 år sidan internett vart allemannseige i Noreg. «Mitt internett. Då www kom til Noreg» er første bok i ein planlagd trilogi om dei tre siste tiåra til internett.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003e«Nyttårsforsett: Vere mindre på internett?»\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eAnne Gunn Halvorsen, skuledagbok, januar 2000\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cstrong\u003eTERNINGKAST 5!\u003c\/strong\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003e«\u003c\/em\u003eHalvorsen, dette var gildt. Takk skal du ha. Ei nærhistorisk bok som mange kan kose seg med\u003cem\u003e»\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e-Steinar Brandslet, Aftenbladet\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e","brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":50663209599271,"sku":"9788234015175","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_b0b9ad3b-0bbf-495e-891d-a6c0a5c37416.jpg?v=1771524083","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/mitt-internett-anne-gunn-halvorsen-9788234015175","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}