{"product_id":"lovens-speil-9788245018097","title":"Lovens speil","description":"\u003cp\u003eRett i norsk Høgsterett vart sett første gong den 30. juni i 1815. Domstolen var meint å ha verken kraft eller vilje, men skulle døme strengt etter Stortinget sine lover. Den skulle uvilkårleg spegle lovene som lovgivar vedtok, utan sjølv å ha ei meining om dei. Men tidleg viste domstolen både kraft og vilje til å vere ein del av statsmakta gjennom å ta ei aktiv og samfunnsregulerande rolle. Høgsterett vart like mykje ein samfunnsspegel som ein lovspegel. Korleis har Høgsterett brukt sin posisjon som den øvste domstolen i Noreg dei siste 200 åra? Og korleis har domstolen samvirka med det norske samfunnet? Denne antologien kastar lys over desse spørsmåla, dels ved å sjå korleis Høgsterett har utøvd verksemda si i meir konkrete saker, dels ved å sjå på rammene for korleis Høgsterett utøvde verksemda si som samfunnspolitisk institusjon, og korleis Høgsterett si verksemd har blitt kommunisert offentleg. Frode Ulvund (f. 1969) er dr.philos. og professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen. Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er dr. juris og professor i rettshistorie ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.\u003c\/p\u003e","brand":"Fagbokforlaget Akademisk","offers":[{"title":"Default","offer_id":49720630772007,"sku":"9788245018097","price":569.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_9c70b35a-945f-4c52-9b7c-e017f76411bc.jpg?v=1757086818","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/lovens-speil-9788245018097","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}