{"product_id":"is-slottet-tarjei-vesaas-9788205512986","title":"Is-slottet","description":"\u003cp\u003eUnn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn. Jentene opplever først at der blir knytte band mellom dei på eit vis dei ikkje kan forklare. Dei er to av ei og ei i to.\u003cbr\u003eDette er ein roman om vaknande kjensler, om å vere åleine og framand i verda, om å vere barn og stå på terskelen til eit vakse medvit, og om det mørke grenselandet i sinnet der mange slags krefter, draumar og drifter strir om makta.\u003cbr\u003eFor Is-slottet fekk Tarjei Vesaas – som første norske forfattar – Nordisk Råds litteraturpris i 1963. Boka vart filmatisert i 1987 av regissør Per Blom og er omsett til ei rekkje språk. I 2005 samarbeidde Teatret Vårt og Det Norske Teatret om ei dramatisering av romanen.\u003c\/p\u003e","brand":"Gyldendal Norsk Forlag AS","offers":[{"title":"Default","offer_id":49720018829607,"sku":"9788205512986","price":249.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_e9f77a31-5ff8-4134-827c-4650293ca4a3.jpg?v=1757076365","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/is-slottet-tarjei-vesaas-9788205512986","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}