{"product_id":"grip-1-ragnhild-andreassen-9788211045928","title":"Grip 1","description":"\u003cp\u003eGRIP er eit læreverk for vaksne minoritetsspråklege som får opplæring i norsk, engelsk, samfunnsfag, matematikk og naturfag på grunnleggande nivå. GRIP presenterer fagstoff på ein enkel måte, og språket er tilpassa deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. GRIP 1 Norsk Arbeidsbok inneheld varierte og differensierte oppgåver som gir deltakarane trening i å lese, skrive og snakke norsk. Ord og uttrykk, grammatikk, læringsstrategiar og tema frå grunnboka blir repeterte i arbeidsboka. GRIP 1 Norsk Arbeidsbok er strukturert som grunnboka og består av 15 kapittel. Læreverket har òg ein nettstad der deltakarane finn oppgåver til kvart kapittel. GRIP 1 Norsk Arbeidsbok dekker modul 1 i forsøkslæreplanen i norsk for språklege minoritetar for førebuande vaksenopplæring. Forfattarane Ragnhild Andreassen og Lisa Kjellberg har begge erfaring med undervisning av vaksne minoritetsspråklege. Andreassen har arbeidd i vaksenopplæringa i Fredrikstad sidan 1998, og Kjellberg underviser ved Oslo voksenopplæring Helsfyr.\u003c\/p\u003e","brand":"Vigmostad \u0026 Bjørke AS","offers":[{"title":"Default","offer_id":49689888293159,"sku":"9788211045928","price":269.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_77d10298-b0d1-47af-802d-b2c81dbdcd6a.jpg?v=1757078147","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/grip-1-ragnhild-andreassen-9788211045928","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}