{"product_id":"eit-praktisk-menneske-kjersti-rorgemoen-9788205553835","title":"Eit praktisk menneske","description":"\u003cp\u003eLiv Indrebø vil ha sin eigen plass og vere eit praktisk menneske. Ho kjøper eit avsidesliggande småbruk for å jobbe utandørs og gjere ny nytte av dei gamle husa. På museet strevar ho med å tru på orda ho er tilsett for å produsere. Draumen om kroppsarbeid og nytteverdi er sterkare i ho enn i kjærasten Svein, ein populær fysioterapeut som bur i byggefeltet i Avdalen sentrum. På jonsok kjem amerikanske slektningar av for lengst utvandra nordmenn på besøk, og folk samlar seg på bygdetunet. Bålet brenn. Men er Liv i ferd med å miste klarsynet i sitt inderlege forsøk på å klare seg sjølv?\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eEit praktisk menneske er ein fortetta og konsis roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Historia finst på trygg avstand, men kva med livet i praksis? Kan ei kvinne aleine klare å forvandle kaos til orden? Og korleis elske noko ein ikkje treng?\u003c\/p\u003e","brand":"Gyldendal Norsk Forlag AS","offers":[{"title":"Default","offer_id":49721016779047,"sku":"9788205553835","price":199.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_99269880-9000-4302-9f5a-e23473bae3dd.jpg?v=1757094795","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/eit-praktisk-menneske-kjersti-rorgemoen-9788205553835","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}