{"product_id":"drama-for-domkapitlet-margit-loyland-9788281402980","title":"Drama for domkapitlet","description":"Slepp Maren å gifte seg? Får Rasmus skilsmisse? Er familiane Beer og Muldrup like gode? Har prestekona ei ulovleg bok i vindaugskarmen? Kan kyrkjelyden bli kvitt presten? Spørsmåla var mange når kapitelretten kalla folk inn til rettsmøte i, eller i nærleiken av domkyrkja.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eKapitelretten var ein spesialdomstol i det dansk-norske rettsapparatet i tidleg nytid. Saksgrunnlaget var først og fremst ekteskapssaker og interne kyrkjelege konfliktar. Fleirtalet av dommarane var prestar knytt til domkyrkja i stiftet.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eEkteskapstrøbbel, familiefeidar og omdiskuterte sjelesørgjarar prega rettsmøta. Referata gir unike innblikk i vanlege folk sitt liv. Dei viser menneskeleg samkvem og kvardagsliv, men også korleis retten endra seg over tid. Boka baserer seg på referat frå domkapitelretten i Stavanger stift (frå 1682 kalla Kristiansand stift) i perioden 1600 til 1750.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eMargit Løyland er historikar og arbeider i Arkivverket. Ho er ein erfaren formidlar og har gitt ut fleire vitskaplege og populærvitskaplege bøker og artiklar, mellom anna \u003cem\u003eHollendertida i Norge 1550–1750\u003c\/em\u003eog \u003cem\u003eAschehougs illustrerte norgeshistorie,\u003c\/em\u003esaman med Unni Løkkebø.\u003cbr\u003e","brand":"Wigestrand Forlag AS","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":50663233159463,"sku":"9788281402980","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_37c3ecf4-4527-4047-8e2f-55eaa75307c0.jpg?v=1771525353","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/drama-for-domkapitlet-margit-loyland-9788281402980","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}