{"product_id":"bruene-tarjei-vesaas-9788205568952","title":"Bruene","description":"\u003cp\u003e\"Den silande vinden frå det fjerne, og den store gamle steinbrua over straumen. Der landevegen går. Brua mørk i muren, steinane bitne av tiders nedbør, sol og vind, høg og herskande i landskapet. Fjellsida på den eine kanten hindrar ikkje brua frå å synast og gjera seg gjeldande – modig bygd, i lange spenn.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eEin straum som ser ut som stillvatn.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eEi elv som er for djup og mektig til at rørslene viser seg – på denne flate dalbotnen. Ingen krusning av straum mot steinar. Svære vass-masser sig av stad her dag og natt, og ingen kjem det i hug dersom han ikkje blir mint om det. Det er eit glidande djup som dreg forbi utan kvile.\"\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eTarjei Vesaas' siste roman er ei historie om bruene mellom menneske, om tre ungdomar som vert knytt samen etter ei grufull hending.\u003c\/p\u003e","brand":"Gyldendal Norsk Forlag AS","offers":[{"title":"Default","offer_id":49720767119655,"sku":"9788205568952","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_1b78d25a-3c80-49de-8ac2-358bdb75ad55.jpg?v=1757089334","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/bruene-tarjei-vesaas-9788205568952","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}