{"product_id":"brannen-tarjei-vesaas-9788205568969","title":"Brannen","description":"\u003cp\u003e\"Jon kom tumlande ut av huset.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDet hadde ringt. Meir visste han ikkje. Han hadde òg lenge kjent at det ville ringe eingong. Likevel var det hardt og uventa.\"\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSlik lyder opningslinjene. Tarjei Vesaas skreiv romanen rundt 1960, i skuggen etter første verdskrigen, og med atomkappløpet som trugande horisont. Til forleggaren Harald Grieg forklarte han boka slik:\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\"Brannen står for eit bilete av den moderne verden, riden av demonane, lidenskapen, nag, sadisme, aggresjonar – mange slags løynde og halvløynde eldar, så brannen lurer under overalt, og kan loge opp som brennande hestehovud i lause lufta. Den unge Jon blir vekt til medvet om alle desse ulykkene, så han må gå ut, og på augneblinken blir han oppsøkt og innblanda i alt det rådlause.\"\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eEit symboltungt varselrop til menneska som dessverre ikkje er mindre aktuelt 60 år seinare.\u003c\/p\u003e","brand":"Gyldendal Norsk Forlag AS","offers":[{"title":"Default","offer_id":49720766988583,"sku":"9788205568969","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_6b24ac40-4377-4b7c-8323-0ac39cf0f87a.jpg?v=1757089328","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/brannen-tarjei-vesaas-9788205568969","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}