{"product_id":"automatiseringssystem-2-jon-eirik-standal-darre-9788211044167","title":"Automatiseringssystem 2","description":"\u003cp\u003eDette læreverket dekkjer den nye læreplanen i programfaget automatiseringssystem for vg2 og vg3 etter fagfornyinga. Automatiseringssystem er eit læreverk som ønskjer å skape forståing, inspirere og pirre nyfikna til elevane. Læreverket består av to trykte lærebøker og ein innhaldsrik nettressurs med mellom anna fagomgrep, yrkesoppdrag og animasjonar. Automatiseringssystem 2 dekkjer temaa sikkerheit, mekanisk arbeid, pådragsorgan, hydrauliske anlegg, reguleringsteknikk, system, standardar og protokollar, utstyr og prosessar, metodar for gass- og væskeanalyse, robotisering og programmering, og dessutan vedlikehald og tilstandskontroll. Jon Eirik Standal Darre er utdanna fagskuleingeniør innanfor automasjon og har fagbrev som automatikar med bakgrunn frå prosessindustrien. Han har undervist i automatiseringsfaget i ti år og jobbar no ved Laksevåg og Bergen maritime vgs. Med praktisk-pedagogisk utdanning og fem yrkespedagogiske vidareutdanningar går han no på masterutdanning. Petter Skaraas er utdanna fagskuleingeniør innan industriell automasjon. Han har fagbrev som automatikar og skipselektrikar. I tillegg har han vidareutdanning frå Oslomet og UiB innan leiing, psykologi og coaching. Han har i største delen av karrieren hatt leiarroller i selskap som har automasjon og måling som kjerneverksemda si, mellom anna ti år som salsdirektør i Emerson.\u003c\/p\u003e","brand":"Vigmostad \u0026 Bjørke AS","offers":[{"title":"Default","offer_id":49720206328103,"sku":"9788211044167","price":1019.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_ee26fd71-77ad-4ab9-9d92-f3ac0d8aa211.jpg?v=1757079370","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/automatiseringssystem-2-jon-eirik-standal-darre-9788211044167","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}