{"product_id":"alt-er-uerstatteleg-og-ingenting-kan-fiksast-kjersti-woien-haland-9788282884662","title":"Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast","description":"\u003cp\u003eher er arret, her er såret, her er skattemelding og CV\u003cbr\u003eher er såre punkt, her er hard hud,\u003cbr\u003eher er kviser, cystar og hemoroidar\u003cbr\u003eher blir blodet reinsa og her sprekk stemma\u003cbr\u003eher er eit skilt over døra, her er andre kroppar velkomne inn her er kjønnshårets løkkeskrift\u003cbr\u003eher kjem driten ut\u003cbr\u003eher er sjansen til å bli rusmisbrukar og statsminister her kan eg bygge menneske og her kan eg miste dei\u003cbr\u003eher er det eg sel: kroppen i sitt endelege og sinnet: uendeleg\u003cbr\u003euniverset som renn gjennom meg\u003cbr\u003eog eg som renn gjennom universet\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eKva gjer ein når alle alarmar går? Og programvarer er utdatert? Og verktøy ikkje lenger er verktøy? I møtet med den største krisa og den lengste natta for menneskja, kva er det manualen for heile eksistensen seier? Han seier at alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast. Dette er det fantastiske og fryktelege med livet som vi kjenner det. Det er unikt, du er unik, og det er fortapt, du er fortapt. Slik rammar Kjersti Wøien Håland inn vår tid og bevissthet i denne diktsamlinga. Og det er innafor dette tilsynelatande håpløyse rammeverket at ho finn medkjensle, sjølvstende og overlevingsevne.\u003c\/p\u003e","brand":"Cappelen Damm AS","offers":[{"title":"Default","offer_id":49720685035815,"sku":"9788282884662","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_38c3c10a-9123-4865-ad78-b8fcb0c47668.jpg?v=1757087545","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/alt-er-uerstatteleg-og-ingenting-kan-fiksast-kjersti-woien-haland-9788282884662","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}