{"product_id":"alt-ein-laerar-treng-a-vite-om-hjernen","title":"Alt ein lærar treng å vite om hjernen","description":"\u003cp\u003e\u003cstrong\u003eKva er samanhengen mellom nevrovitskap og pedagogikk?\u003c\/strong\u003e\u003cbr\u003e\u003cspan\u003e \u003c\/span\u003e\u003cbr\u003e\u003cspan\u003eModerne nevrovitskap viser korleis minnefunksjonar og ulike prosessar i hjernen er avgjerande for læring. I denne boka tek forfattaren med seg kunnskapen frå nevrovitskapen inn i pedagogikken, og viser korleis desse to fagtradisjonane med sine ulike tilnærmingar til læring kan styrke vår forståing av korleis læring skjer\u003c\/span\u003e\u003cbr\u003e\u003cspan\u003e \u003c\/span\u003e\u003cbr\u003e\u003cspan\u003eBoka gir ei innføring i kva lærarar og lærarstudentar bør vite om hjernen og ulike nevrobiologiske prosessar som påverkar elevars læring og læreføresetnader. I boka kan du mellom anna lese om hjernens oppbygging, om minne og minnesystem, persepsjon, læring og motivasjon, om barns utvikling og om korleis vi kan hjelpe elevar med ulike behov.\u003c\/span\u003e\u003cbr\u003e\u003cspan\u003e \u003c\/span\u003e\u003cbr\u003e\u003cspan\u003eForfattaren viser korleis kunnskap om desse ulike emna er sentrale for å forstå læring og læringsprosessar og for å kunne tilpasse undervisninga til elevane sine føresetnader. Boka gir òg innsikt i korleis kunnskapar frå to ulike fagtradisjonar er viktige å føre saman for å kunne møte elevars ulike behov.  Boka er skriven for studentar i lærarutdanningane.\u003c\/span\u003e\u003cbr\u003e\u003cspan\u003e \u003c\/span\u003e\u003cbr\u003e\u003cstrong\u003eGöran Söderlund \u003c\/strong\u003e\u003cspan\u003eer professor i spesialpedagogikk ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Han har PhD i eksperimentell psykologi frå Stockholms universitet og forskar på merksemd og minne, særleg på barn med merksemds- og lese- og skrivevanskar.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Det Norske Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":51473622892839,"sku":"9788252195620","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpeg_55.jpg?v=1781005526","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/alt-ein-laerar-treng-a-vite-om-hjernen","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}