{"product_id":"alien-i-klassen-vegard-markhus-9788203265624","title":"Alien i klassen","description":"\u003cp\u003eLettlest og humoristisk for ferske lesarar\u003c\/p\u003e\n\n\u003cp\u003eDet er mykje som tyder på at Ulrik F. Oma lever på feil planet. I klassen er det ingen teikn til intelligent liv og heime er alt kaos. I tillegg får bølla Bob Ulrik til å føle seg som søppel.\u003c\/p\u003e\n\n\u003cp\u003eMen ein kveld suser eit mystisk sikksakklys over himmelen. Neste dag begynner ei jente med uvanlege talent i klassen. Kven er ho? Kan Ulrik få seg ein ven? Og blir Ulrik nokon gong klar til å ta opp kampen med Bob og dei andre på skolen?\u003c\/p\u003e\n\n\u003cp\u003e«Alien i klassen» er ei bok for alle som ein gong har vore aleine, alle som liker teikningar betre enn vanskelege ord og alle som lurer på om det finst liv i verdsrommet. Og det er vel dei aller fleste ...\u003c\/p\u003e\n\n\u003cp\u003e«Dette er ei 'Put your hands in the air'-bok. Ei bok å juble for. ... den vellukka kombinasjonen av kreativ overflod i ein stram, lettlesen form gjer at ein skulle ynskje ein fekk vere statsminister for ein dag. Då skulle Alien i klassen leggast i sekken til kvar einaste førsteklassing når klokkene no snart ringer for dei.» Janne Karin Støylen, Bergens Tidende (Fem av seks hjerter)\u003c\/p\u003e","brand":"Aschehoug \u0026 Co","offers":[{"title":"Default","offer_id":49721182945575,"sku":"9788203265624","price":299.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_0133e405-b2c0-48b5-bb0a-ed5489bc911d.jpg?v=1757098359","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/alien-i-klassen-vegard-markhus-9788203265624","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}