{"product_id":"a-laere-norsk-nar-polsk-og-tysk-er-morsmalet-roy-g-tveit-9788251927192","title":"Å lære norsk når polsk og tysk er morsmålet","description":"\u003cp\u003eEr eit andrespråk like vanskeleg å tileigne seg uansett kva morsmål innlæraren har, eller er det slik at strukturlikskapar mellom morsmålet og målspråket spelar ei rolle? Kan morsmålet til innlæraren påverke tempoet i tileigningsprosessen, og kan morsmålet ha noko å seie for kor dugande ein innlærar til slutt blir? Denne boka tar utgangspunkt i morsmåla til to av dei største minoritetane i Norge i dag, polakkar og tyskarar. For å få fram kva utfordringar polske og tyske innlærarar står overfor i møte med norsk setningsstruktur, blir verbalsyntaksen i norsk, tysk og polsk samanlikna. Hovudfokus ligg på inversjonsregelen, eit trekk ved norsk syntaks som skal vere vanskeleg å tileigne seg for andrespråksinnlærarar. Boka er mynta på studentar i norsk som andrespråk og lærarar som underviser utlendingar i norsk på alle nivå i skolesystemet. Men også andre med interesse for kontrastiv grammatikk vil kunne lese ho med stort utbytte. Roy G. Tveit, f. 1963, er utdanna lektor i språkfag, med andrespråkslæring som spesialfelt. Han har fleire års erfaring med norskundervisning for utlendingar, blant anna ved universitetet i Stavanger, i den vidaregåande skolen og på bedriftsinterne kurs.\u003c\/p\u003e","brand":"Fagbokforlaget Akademisk","offers":[{"title":"Default","offer_id":49720643027239,"sku":"9788251927192","price":309.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_f9a44730-8ad0-4a78-a108-6e149d346113.jpg?v=1747112695","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/a-laere-norsk-nar-polsk-og-tysk-er-morsmalet-roy-g-tveit-9788251927192","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}