{"product_id":"9788293636809","title":"Røter: dikt","description":"\u003cp\u003eKva formar eit menneske?\u003cbr\u003eKva har du med deg frå dei som levde før deg?\u003cbr\u003eKva gjer oss til dei vi er?\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e«Røter» er ei varm, klok og sanseleg diktsamling om det vi ber med oss gjennom livet. Med livserfaren røyst diktar forfattaren fram det som ligg att i oss – i kropp, i minne og i det usagte mellom generasjonar.\u003cbr\u003eI boka møter vi bestemødrer som bakte lefser og studerte skrifta og bestefedrar som ikkje sløste med orda. I det usagte låg likevel ei visse, slik det heiter i diktet «Bestefar»:\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003ebestefar elska oss\u003cbr\u003e– og Jesus,\u003cbr\u003emen han maste ikkje om det,\u003cbr\u003edet var ikkje naudsynt,\u003cbr\u003eme visste det\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003edet låg eit ljos rundt bestefar\u003cbr\u003elenge etter at\u003cbr\u003eljoset hans slokna\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eMed kvass penn og klårt blikk leitar forfattaren etter spor av jenta som ein gong var, og menneska som bar henne fram. Vi ber alle fortida med oss. Kva vel vi å ta med oss vidare?\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eAslaug Tidemann, f. 1944, er født og oppvaksen i Egersund og bur i dag i Enebakk i Akershus. Ho er utdanna innan journalistikk og informasjon og dreiv i fleire år lokalavis i Enebakk.\u003cbr\u003eTidemann har tidlegare gitt ut to diktsamlingar: Sang til sorgløse og Heim. I 2023 kom romanen Ved foten av regnbuen og i 2025 erindringsboka Perler og gnagesteiner. En kjærlighetssang til hjembyen.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eTrykk: LaserTrykk.no\u003cbr\u003ePapir: Munken Cream 100 g\u003cbr\u003eFontar: Adobe Jenson Pro 14\/16.8, Garage Gothic\u003cbr\u003eBokdesign: Sven Ohrvik\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eForsideillustrasjon: iStock, ID 1317569069, credit: ChrisGorgio\u003cbr\u003ePortrettfoto: privat\u003cbr\u003ewww.skriveakademiet.com\u003cbr\u003ewww.skrivekurs.no\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSkriveakademiet 2026\u003cbr\u003eISBN 978-82-93636-80-9\u003c\/p\u003e","brand":"Skriveakademiet AS","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":51434724917543,"sku":"9788293636809","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_cd9f8c54-1034-493f-916e-6f39dd746702.jpg?v=1779798919","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/9788293636809","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}