Liv Bratterud
Liv Bratterud
Forfatter: Solberg, Olav
Utgivelsesår: 2024
Skriveakademiet AS
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Denne boka handlar om ei kvinne frå Bø i Midt-Telemark. Ho heitte Liv Nirisdotter Bratterud (1826-1892), og er av ettertida kjend som ein framifrå eventyrforteljar.
I motsetning til mange tradisjonsberarar kom ho frå ei av dei beste bondeættene i det gamle Bøherad. Likevel enda ho som husmannskvinne på ein armodsplass i ville skogen. Grunnen var eit lite gjennomtenkt ekteskap med ein husmannsson som drakk opp alt ho hadde av verdiar.
I boka følgjer eg Liv Nirisdotter Bratterud sitt liv frå vogge til grav. Eg skriv også om døtrene hennar, og om slektningar og vener som prøvde å hjelpe henne.
Elles legg eg fram nye og dramatiske kjelder, i form av rettsdokument. Denne dokumentasjonen handlar om Livs ektemann, som fekk to fengselsdomar.
Kva var det som fekk ei velståande kvinne til å velja ein fattig og valdeleg husmannsson?
Og er det sant, slik enkelte kilder seier, at han emigrerte til Amerika?
...
Olav Solberg er professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han har gjeve ut ei lang rekke bøker og vitskaplege artiklar og er ein av våre fremste spesialistar på folkedikting og mellomalderlitteratur.
Share
![Liv Bratterud](http://bobokogpapir.no/cdn/shop/files/LivBratterud.webp?v=1727352075&width=1445)