{"product_id":"9788283831566","title":"Handbok om mentaliteten til kyr","description":"\u003cem\u003eHandbok om mentaliteten til kyr\u003c\/em\u003eer ei bok om tidsånda, om tilhøva i det seinkapitalistiske Europa, og om kyr, sjølvsagt.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eEin kulturvitar kjem heim til Island etter eit lengre studieopphald i utlandet. Med seg har han si engelske kone, dottera, og ei stadig sterkare kjensle av at moderne tankegods har køyrt det karrige øylandet i grøfta.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003ePå arbeidskontoret er det berre sarkasmar og medlidande blikk å hente for kulturvitaren, men han får etter kvart ein jobb som manusforfattar for Islands Bondelag, som skal lage ein opplysningsfilm om den fabelaktige islandske kua, og trusselen frå importert Norsk raudt fe (NRF).\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eGradvis går det opp for den ambisiøse kulturvitaren at kua sin status speglar menneskekulturen gjennom alle tider. Kua er sjølve nøkkelen til ei ny forståing av menneska og kulturutviklinga! Så underleg det enn kan høyrast ut, var det ikkje akkurat dette bondelaget var på utkikk etter, og når kulturvitaren i tillegg til å rote seg bort i sine høgttravande teoriar, blir overrumpla av ein mannevond hundeeigar, spionering, giftmord og dysfunksjonelle familieforhold, raknar det fort for helten vår.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDen islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson (f. 1971) har tidlegare gitt ut tre romanar på Pelikanen. For \u003cem\u003eSvar på brev frå Helga\u003c\/em\u003e (Pelikanen 2012) vart han nominert til Nordisk råds litteraturpris, medan \u003cem\u003eSoga om vêret\u003c\/em\u003e (Pelikanen 2014) vart nominert til Den islandske litteraturprisen. I 2016 kom \u003cem\u003eSoga om Geirmund Heljarskinn\u003c\/em\u003e, ei litterær omarbeidingav historia frå sakprosaboka \u003cem\u003eDen svarte vikingen\u003c\/em\u003e (2013), som han vart nominert til Brageprisen for. \u003cem\u003eHandbok om mentaliteten til kyr\u003c\/em\u003ekom første gong ut på Island i 2009, og var skriven rett i forkant av den økonomiske kollapsen i 2008.\u003cbr\u003e","brand":"Pelikanen Forlag AS","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":50663157661991,"sku":"9788283831566","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_e4acf00a-e95b-4c7f-a712-053bad974638.jpg?v=1771521605","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/9788283831566","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}