{"product_id":"9788282657020","title":"Historieskriving om Noreg før 1800","description":"Historieskriving i Noreg går 1000 år tilbake – til dei første latinske helgenbiografiane og Noregshistoriene. Likevel har denne perioden aldri blitt samla i éi oversikt. Dette er den første samla gjennomgangen av historieskrivinga om Noreg fram til 1800. \u003cbr\u003e\u003cbr\u003eBoka handlar om dei mange forteljingane om Noreg og det norske, skapt av ei mangfaldig gruppe historikarar – frå kongesoger til refleksjonar om sjølve historieskrivinga. Ho utforskar ikkje berre forteljingane, men òg arbeidsmåtane historikarane nytta for å forstå ei ofte uklar fortid. Under arbeidet låg tankar om kva som gir historie meining – kristendom er viktigast, men òg meir verdslege faktorar som tankar om sivilisasjonsutvikling og klimatiske forhold. \u003cbr\u003e\u003cbr\u003eHistorikarane skreiv om Noreg, men aldri i vakuum. På 1500-talet skreiv Absalon Pedersson Beyer \u003cem\u003eOm Norgis rige\u003c\/em\u003e, eit verk prega av europeisk lærdomskultur. Verken \u003cem\u003eOm Norgis rige\u003c\/em\u003e eller andre historieverk frå dei 800 åra denne boka rommar kan ikkje forståast utan å sjå korleis europeiske impulsar forma den norske historiekulturen. \u003cbr\u003e","brand":"Forente forlag AS","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":51037604020519,"sku":"9788282657020","price":499.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_9f9ce227-37bc-4643-bbf3-2afdbef1e820.jpg?v=1771522022","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/9788282657020","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}