{"product_id":"9788281046559","title":"Dropshjarte","description":"\u003cem\u003eDropshjarte\u003c\/em\u003e er det andre bindet i Jóanes Nielsens forteljing om dei færøyske slektene Brahmadellane og Tvibur, ei krønike som godt og grundig blandar fiksjon og verkelege hendingar i nyare færøysk historie.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDropshjarte er ei forteljing om familieband og vennskap, kjærleik og hat, sex, kristendom og djevelskap, medynksdrap, færøyske nazisympatisørar, sandsuging og sledehundmassakre i Grønland, ei okkult Forbannarsekt, eit bombeattentat mot Lagtinget, ei skipsulykke, rabbinarbesøk i bygda Sumba, berserkgang i Klaksvík – og eit møte med Den vonde sjølv. \u003cbr\u003e\u003cbr\u003eOmdreiingspunktet i forteljinga er forfattaren Eigil Tvibur som har genar frå både Brahmadell- og Tviburslekta. Eigil er valdtektsbarn, unnfanga da broren til farfaren hans valdtok niesa si i eit fjøs i Sumba, og han kjempar ein stadig kamp for å forsone seg med seg sjølv og med sitt opphav. Han har på same tid eit ømt og eit brutalt sinn – og eit temperament som innimellom bringer han opp i trøbbel.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eJóanes Nielsen er ein færøysk forfattar. Han debuterte i 1978 med diktsamlinga \u003cem\u003eDen trettande månaden\u003c\/em\u003e (Trettandi mána\u003cem\u003eð\u003c\/em\u003ein), og har sidan skrive ti diktsamlingar, fem romanar, tre skodespel, to essaysamlingar og en novellesamling. \u003cem\u003eDropshjarte\u003c\/em\u003e er andre bind i tetralogien \u003cem\u003eEi nordatlantisk krønike\u003c\/em\u003e.\u003cbr\u003e","brand":"Orkana Forlag AS","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":51037626499367,"sku":"9788281046559","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_79c87564-7ab3-4e08-8594-23b5ae631c33.jpg?v=1771523143","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/9788281046559","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}