{"product_id":"9788279593713","title":"Eple, pære, plomme","description":"Fruktdyrking har lange røter i norsk historie, og frå gamalt av har det vore dyrka eit rikt mangfald av ulike fruktsortar her i landet. For aller første gong er dei heimlege sortane av eple, plommer og pærer samla i eit oppdatert praktverk.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eFrå 1800-talet vart det gitt ut vakre, illustrerte pomologiske bøker i Europa, der unike fruktsortar blei presenterte og vist fram. I Noreg kom \u003cem\u003eNorsk Pomologi. Bind I: Epler\u003c\/em\u003e ut i 1939, følgt av eit band om pærer i 1958. Den planlagde boka om plommer kom aldri ut.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eEple, pære, plomme\u003c\/em\u003e skriv seg inn i denne boktradisjonen med sine korte, informative tekstar og tilhøyrande kunstverk som skildrar dei ulike sortane i detalj.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDenne praktboka er rikt illustrert med detaljerte, handmåla akvarellar av Hege Gjerde Sviggum og løftar fram over 130 sortar som har vore vanlege i norske frukthagar gjennom historia. I tillegg til omtale av kvar enkelt sort, får du innførande artiklar om tradisjonell fruktdyrking, skadedyr, plantehelse og lagring.\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eBoka er ei kjærleikserklæring til norsk fruktdyrking som både dokumenterer kunnskap som er i ferd med å forsvinne og inspirerer oss til å ta vare på dei gamle kulturarvssortane.\u003cbr\u003e","brand":"Skald AS","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":50663229653287,"sku":"9788279593713","price":599.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_1e2c48f9-c4a8-41e4-9169-ddf0b1dffce1.jpg?v=1771525193","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/9788279593713","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}