{"product_id":"9788269360325","title":"Januarbarna","description":"\u003cem\u003eThe January Children\u003c\/em\u003e (2017) er debutboka til den sudansk-amerikanske poeten Safia Elhillo (f. 1990) og den første av bøkene hennar som kjem ut på norsk. Verket rommar dikt som tidvis er strålande, klare og sterke, og tidvis såre, vare og søkande. Med humor og fleirspråklege ess i ermet utforskar det lyriske eg-et bindingane til slekt og fødelandet Sudan, kva det vil seie å ha fleire heimstader, og korleis andre sitt blikk kan påverke eg-et si sjølvforståing og kjensle av tilhøyrsle. \u003cem\u003eJanuarbarna\u003c\/em\u003e er gjendikta av poetane Asha Abdullahi (f. 1998) og Ida Hove Solberg (f. 1987).\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eSafia Elhillo har skrive eit eige forord til den norske gjendiktinga. Her set ho boka i eit nytt perspektiv:\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eNår eg skriv dette, har det gått over to år sidan det braut ut krig i Sudan. Og noko av det første som vart øydelagt i krigen, var flyplassen i Khartoum. … Det kjennest som ei merkeleg tid for å innvie ei ny gjendikting av dette verket, som handla så mykje om håpet eg hadde om å høyre til, om å bli vald, om å bli namngitt. I dag kjennest den slags håp naivt. Alt verkar å rakne raskare enn nokon gong i Sudan, i Palestina, i USA der eg bur no. … Sjølv om eg no kanskje svarer litt annleis på spørsmålet «asmar ya asmarani, meen asak alayya \/ åh asmarani, kven gjorde deg så slem mot meg?», håper eg desse dikta vil finne ein veg inn til deg slik Abdelhalim Hafez sine songar fann ein veg inn til meg. Og kanskje plantar dei der eit nytt og meir varsamt håp.\u003c\/em\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003eJanuarbarna\u003c\/em\u003e inngår i Lo forlag sitt redaksjonelle prosjekt «Krysspoesi». Utgivingane i denne gjendiktingsserien undersøker eller demonstrerer kryssingspunktas poetiske potensial. Første bok ut var \u003cem\u003eHva sier jeg er fremmed. Sanger av Fakir Lalan Sain\u003c\/em\u003e, gjendikta frå bengali av Wera Sæther (2024).\u003cbr\u003e","brand":"Lo Forlag","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":51037650026791,"sku":"9788269360325","price":350.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0869\/2688\/5159\/files\/jpg_7dcd2878-2343-4851-a504-58ad6eef5b77.jpg?v=1771525150","url":"https:\/\/bobokogpapir.no\/products\/9788269360325","provider":"Bø bok og papir","version":"1.0","type":"link"}